Kulturveka 2015 vert avslutta på sjølvaste FNdagen – med utøvarar frå ulike verdsdelar. Pianisten Freek Ypma frå Nederland har denne kvelden med seg Dora David – opphaveleg frå Ungarn – og Leyeune Avdal som kom til Norge frå Indonesia for 45 år sidan. 

Leyeune og Freek er godt kjende for dei fleste i Sogn. Dora er òg eit kjent namn for mange. Ho har utmerka seg som fløytist og vore solist med fleire orkester i heimlandet Ungarn og andre land. Frå 1996 har ho budd i Noreg og m.a. vore distriktsmusikar, dirigent, lærar i Sogn kulturskule og kyrkjemusikar i Lærdal. Denne laurdagskvelden vert det ein god kombinasjon av dyktige, profesjonelle utøvarar og unge talent – elevane til Leyeune frå Årdal ballettskule. 

Reportoaret er henta frå kjende musikalar og andre kjende musikkstykke, så her blir det mykje fint både å høyra og sjå.

 

Dora David
Tel +47 97 52 39 03