5. og 6. September
Turne - "Trio på tur"

"Turnélivet er ikkje berre ein dans på roser."

Å reise på turné er sjølve draumen for ein utøvande musikar. Då får ein møte eit nytt publikum kvar dag, og får spelt den musikken ein likar aller best for forhåpentlegvis begeistra tilhøyrarar.

Men turnélivet er ikkje berre ein dans på roser. Sjølv for ein musikar med store ambisjonar kan konsertkvardagen by på utfordringar som må taklast. I dette programmet vil Distriktsmusikarane i Sogn gje eit musikalsk bilete av turnelivet på godt og vondt. Elevane vil få oppleve klassisk virtuos musikk, musikal og viser i dette programmet med Distriktsmusikarane i Sogn. Regien er ved Jeff Pedersen.

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kunstnarar/grupper:
Distriktsmusikarane i Sogn

Dora David (fløyte)
Bjørn Gisle Seter (baryton)
Joakim Anselmby (piano)

 

Dora David
Tel +47 97 52 39 03